Søndag 20. Mai 2012
ryex.net
trying hard...
::: Fun stuff
"The world Internet map".
Kor finst eigentleg Internett har du kanskje lurt på. Er det liksom slik at det er likt fordelt over heile verda kanskje? Dette kartet, av Chris Harrison, syner reell utbreiing og markerer stor aktivitet. At Europa og Nord-Amerika dominerar er kanskje ikkje så overraskande.
Rasterbator er eit artigt program som lagar punktgrafikk av normale bilete.Dette virkar kanskje ikkje så nyttig, men det er faktisk ganske stilig dersom du printar ut biletet i stort format. På nært hald vil ein ikkje oppdage detaljane i biletet, men på avstand vert det mykje klarare. Her kan du faktisk lage vegg-til-vegg-montasjar. Alt du treng er ein printer og (mange) ark.
Har du prøvd yr.no? Geniale vervarslingar. Meget brukarvenleg grensesnitt og mange nyttige tenester.
Google er ikkje lenger berre ein søkemotor. Fleire interessante tenester har kome til i det siste. Den mest kjende er kanskje gmail? Google docs har også vore tilgjengeleg ei stund med både dokument og rekneark. Google docs er genialt dersom fleire personar ynskjer å jobbe med same dokument samtidig. Det nyaste no er eit presentasjonsverktøy.
Den siste versjonen av google earth har ein innebygd flysimulator. To ulike fly er tilgjengeleg foreløpig, SR22 propellfly for nybyrjarar og F16 jagarfly for vidarekomande. Ein brukar tastaturet for å styre flyet. Ta ein prøvetur i vill vestlandsnatur!!... 
